Planlegging er viktig

– Aller først bør det understrekast betydninga av å planlegge godt og tenkje nøye gjennom kva slags belysning ein ønskjer, og kva behov ein har i kvart enkelt rom. Belysning, fargar, møblar og rommets funksjon heng derfor saman.

Ulike behov

Behovet for lys varierer; i vinterhalvåret er naturligvis lampene viktige, medan det i den lyse årstida kun vil være eit fåtal i bruk. På same måte ønskjer vi mykje lys til storreingjering, og dempa, intim belysning når vi inviterer gode vener til selskap.

– Trinnlause brytare eller dimmarar er difor ei gunstig løysing som gir mulegheit til å variere styrken i belysninga. Du kan koble flere lampar til samme dimmar, og sjølv om du har eit gammalt anlegg er det enkelt å bytte ut gamle brytarar med trinnlause.

Downlights

Downlights blir i mange heimar brukt i tillegg til taklamper og lampetter, og er ideelle for å skape stemning og variasjon i belysninga. Heile rommet treng ikkje være opplyst på ein gang. Stålamper og bordlamper som tilleggsbelysning er å anbefale for å få godt lys i sofakroken, til handarbeidet, eller ei god bok.

Belysning på badet

Belysning av baderomsspeil bør være fra sida, ikkje ovanfra. Mange bruker lysstoffrør på denne måten på badet, noko som gjev ufordelaktige skygger i ansiktet. Sidelys gir ei mjukare morgonstund.