Lysbilde3

Moderne panelomnar er meir miljøvenlege, brukar mindre energi og gir betre komfort enn tidlegare. Ingen andre oppvarmingssystem er betre på temperaturregulering og energiforbruk! Panelomnar kan du òg få i glas og kan fungere som designelement på veggen.

Ordet panelomn brukast i dag om alle veggmonterte elektriske varmeomnar, både gjennomstrøymingsomnar og lukka panelomnar.
I ein panelomn sit det eit varmeelement som omset den elektriske energien til varme med 100% virkningsgrad.

Avhengig av konstruksjonen vert varmen som ein kombinasjon av varmestråling og luftoppvarming. Høg temperatur og stor overflate gir større strålingsandel enn låg temperatur og lita overflate.

Eit rom vil generelt ha varierande varmebehov avhengig av utetemperatur, tal personar i rommet, kva aktivitet som utøvast, solinnstråling og andre varmekilder som lys, TV, PC etc.

Dagens moderne panelomnar er utstyrt med elektroniske regulatorar (populært kalt termostatar) som syt for at panelomnen berre gir frå seg den varmemengda som er nødvendig for å oppretthalde den ønska varmekomforten. Dette er energioptimalt og dermed svært miljøvenleg. Ein sløsar ikkje med energien eller energikostnadane.

Ein panelovn er også svært godt egna til hurtig å heve og senke temperaturen i eit rom. Det gjer det enkelt å ytterlegare spare energi ved å installere energisparande styringssystem som på ein enkel måte hevar og senkar temperaturen etter den enkelte sitt behov. Ved natt- og dagsenking i vekedagane og berre nattsenking i helgane er det muleg å spare 25% av oppvarmingskostnadane!

Korleis spare pengar og miljø?

Eit elektrisk varmesystem gjev den lågaste investeringa og er det mest energieffektive systemet. Veggomnar er gunstigast økonomisk, men varmekabler foretrekkast ofte i badegolv og evt. andre golv med kalde overflater som f.eks. flis.

Eit varmesystem med moderne omnar med elektronisk regulering er basis for god økonomi. Til dette systemet bør du installere eit sentralt styresystem. Det sørger for at du har komfortabel innetemperatur når du er tilstades, og ellers senkar temperaturen. Dette er det optimale systemet som både sparar pengar for deg og miljøet for oss alle!

Glasomn

Nobø

Ny fra innerst til ytterst

Nobø Top Glass er ein heilt ny omn som kombinerer smart teknologi med trendy design. Nobø Top Glass kjem i to fargar, kvit og antrasitt. Fargane kler alle interiør, noko som gjer at Nobø Top Glass passar fint inn uansett kvar du plasserer den. Glasfronten har avrunda og polerte kantar som gjer at ovnen både ser lekker ut og er tryggare for born og kjæledyr. Bak den innbydande fronten finn du marknadens leiande varmeteknologi som gjev jevn, komfortabel og energieffektiv varme.

Termostatteknologi

Nobø sine termostatar er særdeles nøyaktige og langt mer stabile enn på andre omnar ved varierande utetemperatur. Der andre omnar slit med å halde stabil temperatur, klarer Nobø-omnane å halde ønska innetemperatur uansett ytre forhold. Resultatet er komfortabel og økonomisk varme, tilpassa dine behov.