Sunnfjord Elektro AS
Langebruvegen 1
6800 Førde
Man-Fre: 07:30 - 15:30
47 83 61 60

Varmekablar

DEVIflex™ annonsebilde

Varmekablar er eit miljøvennlig alternativ som gjev eit godt og behagelig inneklima. Dei aller fleste rom- og golvtypar egnar seg for elektrisk oppvarming.

Fordelar med elektrisk golvvarme:

  • Frigjev areal, tek ingen veggplass
  • Avgir ikkje lukt (ingen avgassar eller forbrenning involvert)
  • Lydlaust
  • Vedlikeholdsfritt (50 års forventa levetid)
  • Enkelt å installere, med få komponentar (varmekabel og termostat)
  • Produserer varme i rommet/på staden, der du treng den.

God økonomi

Kvardagsluksusen som elektrisk gulvvarme gjev dreiar seg ikkje kun om varme føter. Det er også oppnåing av komfortabel romtemperatur med lågast muleg energiforbruk. Med golvvarme er varmen der du føler den. Forskjellen i opplevd varme er stor, noko som gjer at varmekjensla er den samme ved redusert lufttemperatur. Termostatstyring gjev ein nøyaktig kontroll av temperaturen, og med nattsenking oppnåast ytterlegare reduksjon i energiforbruket.

Bolig grunnmur varmekabler

Varmekablar i alle rom

Elektrisk gulvvarme kan nyttast på bad, i kjøkken, stove, soverom, kjellerstove osv, i golv med fliser, parkett eller belegg. Du vil sjå at rom med golvvarme blir favorittstadane i huset. Varmen som omgjev føtene dine stig langsomt oppover i rommet, varmar kroppen din og følast naturleg behageleg i hovudhøgde. På eksisterande golv så kan ei tynn varmematte nyttast. Varmematte egnar seg spesielt godt ved ombygging og modernisering, då den kan leggast direkte på toppen av det eksisterande golvet. Forestill deg at du kan få eit behageleg lunt golv utan alle kostnadane, utan all ryddinga og støyen, som opphogging av det gamle golvet vil medføre. Forestill deg at du kan nyte eit komplett golvvarmesystem som kun bygger 3 mm golvhøgde.

Friheit i innreiinga

Alle detaljar er viktige når moderne familiar innreiar bustaden sin. Alt skal være funksjonelt utan for mange kompromiss. Golvvarmesystem gjev deg fridomen til å innreie stove og kjøkken nøyaktig slik du ynskjer, utan å måtte ta omsyn til vegghengande varmekjelder eller rør. Alt er skjult under golvet, og opnar for kreativ innredning i romma.

Presis varmestyring

Ein elektronisk termostat med golvfølar sørger for presis styring av golvvarmen. Golvet vil være lunt og behageleg, og det vil aldri være risiko for overoppheiting eller øydeleggingar. Golvvarme er også ei gunstig løysing når det gjeld driftskostnader. I kombinasjon med varmekjelda som er plassert tett til golvoverflata, gjev den presise styringa høg grad av energiutnytting.

Kva kostar varmekablar?

Driftskostnadane er avhengig av storleiken på rommet, tilgjengeleg golvplass, og om gulvvarmen brukast som eineste varmekjelde eller som komfortvarme. Eksempel: Eit 5 m² bad med dusj krev normalt 4 m² varmekabel og ein termostat. Kontakt ein elektrikar som kan berekne kva som trengst til ditt bad. Elektrisk golvvarme koster normalt mindre i innkjøp og installasjon, enn innkjøp av andre konvensjonelle varmesystem. Hovudregelen er at jo større rommet er, jo lågere er prisen pr m².

Link til våre leverandørar av varmekablar:

  • Devi       (varmekablar og tilhøyr)
  • Nexans  (varmekabler)
Send oss ein forespørsel

Ta kontakt direkte og send oss ein utforpliktande forespørsel.

Fyll ut skjema »