Til hovedinnhold

Bli ein del av gjengen?

Sunnfjord Elektro er ei bedrift som tek vare på sine tilsette med eit godt fagleg og sosialt miljø. Vi utfordrar våre tilsette med spennande oppgåver og med ei oppmoding om å øke sin eigen kompetanse gjennom kursing.

Sunnfjord Elektro har 24 tilsette og ei omsetning på ca 38 mill. Vi er ei privateigd selskap som er eigd av tilsette. Forretningsiden vår er å vera den føretrekte elektrobedrifta for privat- og bedriftsmarknaden i Førde. Medlem av EL PROFFEN - www.elproffen.no

Hos oss finn du eit godt arbeidsmiljø med tilsette som brenn for yrket sitt og som trivst i eit hektisk kvardag med spennande oppgåver. Vi vektlegg høg fagleg kompetanse, kvalitet og personleg kontakt. Vi jobbar med alt frå nybygg, solcelle, elbil-ladeparkar og næringsbygg med avanserte og omfattande el-installasjonar.

Kan Du tenke deg å bli ein av oss i Sunnfjord Elektro?

Kva får du ved å vere tilsett hos oss?

  • Konkurransedyktig lønn og Gode pensjonsordning

  • Servicebil

  • Utfordrande arbeidsoppgaver

  • Frihet under eige ansvar

  • Fagmiljø med erfaring, kompetanse og samarbeid

  • Utviklingsmuligheter

  • Hyggelig og sosialt miljø

Det er viktig for oss at alle dei tilsette trivst. I det daglege arbeidet er montørane våre sjølvstendige, men vi prøver å få til nokre sosiale samlinga utanfor jobb. Både for og inkludere, men også bygge team.

Kven ser vi etter?

Vi ser mykje på mennesket i prosessen når vi tilsetje folk. Det er viktig for oss at du er ein person med gode verdiar og ei positiv innstilling. Som montør i Sunnfjord Elektro må ein vere sjølvstendig og klar for å ta ansvar, men det er like viktig at du er god på å samarbeida med kollegaer.

Du må ha den rette kompetansen innanfor fagfelta vi jobbar i. Du må ha lyst til å utvikle deg som person og montør. Mellom anna gjennom kurs, seminar og liknande aktivitetar. Vi gir våre tilsette høve til å vekse. Vi ser alltid etter dyktige personar som brenn for faget.

Har vi ingen utlyste stillingar tilrår vi deg uansett til å sende inn søknad og CV. Er du rett person så finn vi alltid ein plass til deg.

Send søknad og CV til roger@sunnfjordelektro.no

Dagleg leiar / Installatør

Roger Marton Vikum

Tlf: 47836162roger@sunnfjordelektro.no