Til hovedinnhold

Vi treng fleire dyktige montørar!

Vi har styrka satsinga vår på å bli større innanfor våre kjerneområder. Sunnfjord Elektro treng fleire dyktige montører på laget! Er Du den rette?

Sunnfjord Elektro utgjer no 24 tilsette som jobbar med å levere elektroinstallasjonar av høg kvalitet til privat- og bedriftskundar i Førde. I kvardagen er alle ute på eigne prosjekt, og vi har derfor eit fokus på å ha eit godt sosialt miljø på og utanfor jobb, der alle blir inkluderte.

Hos oss er det eit veldig godt samhald med kort linje mellom leiar og medarbeidar. Me er gode på sosiale samankomstar og firmaturar, og har trua på at eit godt samspel på privaten, styrkjer gleda og samhaldet på jobb.

Hos oss er du innom det meste i bransjen, men dei siste åra har vi vorte store innan serviearbeid, prosjektarbeid som nybygg, ladeparkar, serviceavtalar og solcelle. Vi er opptekne av å ta i bruk ny teknologi og løysingar som kjem på marknaden. På denne måten sikrar vi at bedrifta er konkurransedyktig og det gir spennande oppgåver for elektrikarane våre.

Vi ser kvar enkelt montør og behova deira i kvardagen, anten det gjeld arbeidsoppgåver, ønske om utvikling eller meir ansvar. Av den grunn står vi klare til å hjelpa deg med kompetanseheving gjennom kursing og seminar.

Som elektrikar i Sunnfjord Elektro, er du ansiktet vårt utetter. Derfor er det viktig at ein er hyggjeleg og imøtekommande. Det er veldig positivt om du som person er ansvarsmedviten, løysingsorientert og frampå.

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:

  • Utføre alle typar oppdrag fagleg- og forskriftsmessig riktig

  • Dokumentasjon av oppdragene

  • Ansvar for framdrift i ulike oppdrag

  • Utgreiingar/feilsøking av tekniske systemer

  • Kommunikasjon med kundar og serviceleiar

Ønskte kvalifikasjonar

  • Fagbrev gruppe L

  • Engasjert, strukturert og serviceinnstilt

  • Lang erfaring frå elektro service og sjølvstendige oppdrag

  • God kjennskap til HMS i elektrobransjen

  • Førarkort for personbil

  • Du har gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Ei stilling i eit solid selskap med høgt kvalifiserte kollegaer

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg vidareutvikling

  • Konkurransedyktige lønnsvilkår

  • Gode pensjonsordningar, AFP og personalforsikringar

  • Servicebil

Søknad med CV sendast snarast per epost til: