Send oss en forespørsel

Personvernerklæring for Sunnfjord Elektro AS

1. Innleiing

Denne personvernerklæringa vart publisert 09.10.18.

I Sunnfjord Elektro AS tar vi personvernet ditt på alvor, og det er viktig for oss å være opne og tydelege på korleis vi behandlar persondata om deg. Først og fremst brukar vi dine personopplysningar for å kunne administrere ditt kundeforhold med Sunnfjord Elektro AS og levere gode tenester til deg. Er du kunde, leverandør eller samarbeidspartner til Sunnfjord Elektro AS er vi nøydde til å vite korleis vi skal kontakte deg, kva slags samarbeidsforhold vi har og kor vi skal sende eventuelle tilbod, fakturaer, nyheitsbrev etc.

Vi påser også at ingen får innsyn i informasjon dei ikkje skal ha.

For oss er IT-sikkerheit sjølvsagt, og difor stiller vi høge krav både til oss og våre samarbeidspartnerar på ulike IT-verktøy.

Vår personvernerklæring fortel om når og kvifor Sunnfjord Elektro AS samlar inn personopplysningar, korleis vi brukar opplysningane om besøkande på våre nettsider, og korleis vi ivaretek opplysningenes. Personopplysningar er opplysningar eller vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson.

Sunnfjord Elektro AS, dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar i verksemda.

2. Sunnfjord Elektro AS som tenesteleverandør

Sunnfjord Elektro AS leverer fleire tenester til sine kundar, leverandørar og samarbeidspartnerar. For å kunne gi dei tilgang til desse tenestene treng vi å registrere personopplysningar som namn på kontaktperson, telefon og e-postadresse, samt namn på bedrift. For å kunne behandle desse personopplysningane nyttast GDPR forordninga sin Artikkel 6, første ledd b).

Sunnfjord Elektro AS vil vurdere å sende ut spørreundersøkingar til kundar med formål å få tilbakemelding på Sunnfjord Elektro AS som verksemd, og tenesta vi har levert.

Spørreundersøkinga vil då bli behandla anonymt.

3. Informasjon innhenta via skjema på våre nettsider

Informasjon som innhentast via våre kontaktskjema på vår nettside kan bli lagra i vårt CRM system, og vil også lagrast automatisk i Google. Formålet med denne behandlinga er å kunne svare på aktuelle henvendelingar og på eventuell framtidig korrespondanse. Personopplysningar som innhentast er namn, epost og telefonnummer. Det rettslige grunnlaget for behandling av personopplysningar i dette tilfellet er samtykke, GDPR forordninga Artikkel 6 første ledd b).

4. Nettstadsanalyse og informasjonskapslar (cookies)

For at Sunnfjord Elektro AS til eikvar tid skal kunne forbetre kvaliteten på nettstad og dei tenester vi tilbyr, innhentar vi bruksmønster til dei som besøker sidene. Eksempel på kva statistikken gir oss svar på er følgjande; kor mange som besøker sidene, kor lenge besøket varer, kva for nettstader brukaren kjem frå, og kva for nettlesar som nyttast.

Til dette nyttar Sunnfjord Elektro AS analyseverktøyet til Google.

Google Analytics brukar informasjonskapsler (cookies) som er små midlertidige filer som blir lagra på di eining når du besøker ein nettstad. Filene blir sletta automatisk etter ein gitt tidsperiode eller når går ut av nettsida du er på.

For å ivareta personvernet blir opplysningane anonymiserte slik at man ikkje kan spore opplysningane tilbake til ein enkelt person. Dette gjer vi ved å bruke IP-anonymisering i Google Analytics der man fjernar dei tre siste siffera i IP-adressa før informasjonen blir lagra og bearbeidd av Google. Les meir om denne teknikken her: https://support.google.com/analytics/answer/2763052?hl=no. Mottekne opplysningar er underlagt Googles retningslinjer for personvern: https://policies.google.com/privacy?hl=no

Vi brukar informasjonen fra Google Analytics i marknadsføring i f.eks. Google Adwords, Facebook mm. for å unngå at du som kunde blir eksponert for unødig reklame.

Du kan sjølv bestemme om du ønskjer å akseptere eller avslå samtykke i lagring av informasjonskapslar. På nettvett.no kan du sjå korleis du sjølv kan styre dette: https://nettvett.no/slik-administrer-du-informasjonskapsler/

5. Utlevering av informasjon til tredjepart

Sunnfjord Elektro AS deler ikke personopplysninger med tredjepart. Men Sunnfjord Elektro AS kan bruke tjenesteleverandør til å levere tjenester.

6. Databehandleravtalar

Dine personopplysningar blir lagra i våre system som er dekka av Databehandlaravtalar med våre system-leverandørar.

7. Kor lenge lagrar vi personopplysningane om deg?

Vi lagrar dine personopplysningar så kort som muleg, og kun så lenge som det er nødvendig, eller vi er pålagt lagring ved lov, og så lenge vi har eit kunde-/leverandør-/samarbeidsforhold.

Vi vil uansett lagre opplysningar så lenge det følgjer av lov, og der det oppstår eit særlig behov. f.eks. ved klager eller krav som rettast mot oss eller av oss.

8. Rettigheiter

Som brukar av våre nettsider har du rett til å kreve innsyn i personopplysningar som vi behandlar om deg og korleis di blir behandla. Du kan også kreve retting, sletting og begrensing i behandlinga av personopplysningar.

Der behandlinga av personopplysningar er basert på samtykke, kan du til eikvar tid trekke samtykket tilbake.

Du har også rett til å klage til ei tilsynsmyndigheit, her Datatilsynet, i samsvar med GDPR artikkel 13 andre ledd bokstav d). Kontaktinformasjon til Datatilsynet finn du på www.datatilsynet.no.

9. Endring av personvernerklæringa

Med jamne mellomrom vil det vere behov for å oppdatere eller endre personvernerklæringa. Ved større endringar vil vi informere om dette via vår nettside.

10. Kontaktinformasjon

Sjå www.sunnfjordelektro.no for kontaktinfo.