Til hovedinnhold

Internkontroll

Internkontroll inneber eit systematisk arbeid for å sikra at verksemda planlegg, organiserer, utfører og held ved like installasjonane sine i samsvar med gjeldane lover og forskrifter.

Systemet skal sikra at problem blir oppdaga og blir i tide tekne hand om. Det handlar om å jobba systematisk for å førebyggja brann og ulykker med elektrisk årsak. Alle verksemder skal ha eit internkontrollsystem

Me tilbyr internkontroll til bedrifter, sameige og industrien. Det er viktig at ein kontinuerleg jobbar med og ha eit godt system. Med internkontroll frå Sunnfjord Elektro vil de operera med eit trygt og energi-effektivt elektrisk anlegg. Viss ein lèt det elektriske anlegget forfalla vil kostnadene for dette ofte bli mykje større enn ved og kontinuerleg halda ved like det.

Kvifor velja internkontroll frå Sunnfjord Elektro

De får tilgang til ein eigen kundeportal som gir full oversikt over status, avvik, bestliling av reparasjonar og varsling om neste kontroll. Med alt samla på ein stad er dette oversiktleg og ryddig, også for bedrifter med fleire lokasjonar.

Viss du inngår ein serviceavtale med oss på internkontroll vil du vera trygg på at det elektriske anlegget er i trygge hender. Det lønner seg å velja god service og kvalitet. Våre NEK 405 sertifiserte kontrollørar utfører oppdrag i heile Førde.

Kven skal ha internkontroll?

Alle verksemder skal ha eit interkontrollsystem for å sikra at dei følgjer HMS-lovgivinga. Det er viktig å merka seg at krav om internkontroll rettar seg mot verksemda, og ikkje det elektriske anlegget.

Verksemda skal ha eit internkontrollsystem som varetek elsikkerheten uavhengig av om verksemda eig det elektriske anlegget sjølv, eller berre er leigetakar.

Ta kontakt med oss for ein hyggjeleg prat

Kontakt oss