Til hovedinnhold

Vurderer du solcelleanlegg?

Høg straumrekning, uføreseielege straumprisar og tilgang på fornybar energi er berre nokre av grunnane til å investere i solenergi på taket! Vi hjelper deg med gode løysingar.

Sunnfjord Elektro hjelper privatmarknaden i vårt område med solcelleløysingar av høg kvalitet. Me utfører både monteringa av solcellene og det elektriske. Hos oss finn du personell med rett kompetanse.

Åtte store solcellepanel på taket sett fra siden, fjord i bakgrunnen. Foto

Kvifor velja solceller?

  • Lågare straumrekning
  • Enova støtte på opptil 47500,-
  • Grøn og fornybar energi
  • 30+ års levetid

Nysgjerrig på kva me har gjort tidlegare?

Hausten 2022 monterte me dette solcelleanlegget for ein av privatkundane våre. Prisen på eit solcelleanlegg avheng av kvaliteten på panela, effekten, taket og klimaet i ditt område. Me skreddarsyr alle solcelleanlegg så lønnsemda blir størst mogleg.

Kvifor velja Sunnfjord Elektro som leverandøren din?

Me er ein lokal elektropartnar som står for montering av solcelleanlegget frå start til slutt. Me har montørar med god kompetanse, som sørgjer for at installasjonen blir gjord etter boka. Ved å nytta Sunnfjord Elektro får du gode garantiar på produkta og installasjonen. Skulle det vera noko er me berre ein liten køyretur unna.

Solcelleanlegget blir skreddarsydd ut frå huset ditt / hytte og forbruk. På denne måten kan me sikra at mest mogleg av produksjonen frå anlegget blir brukt opp. Me melder deg opp som plusskunde, som gjer at du kan selja straumen din tilbake på nettet.

Me veit at eit solcelleanlegg er eit nytt område for mange av kundane våre. Me følgjer deg opp frå start til slutt og sørgjer for at du får svar på det du treng. Du skal vera trygg på at installasjon, pris og kvalitet blir som lova.

Solcelleanlegg, tatt fra siden på et bolighus, med utsikt over fjord og fjell. Dronefoto

Kva produkt bruker me?

Me tek utgangspunkt i kriteria for kvart prosjekt og vel dei beste produkta ut frå behovet til kunden. Sjølv om det er pris, kvalitet, produksjon, Co2 avtrykk som er viktig for dykk, så har me dei rette produkta. Felles for produkta våre er ein gjennomgåande høg kvalitet og gode garantiar på både produkt og produksjon.

Solcellepanela har minst 15 års produktgaranti og 25 års produksjonsgaranti. Når anlegget blir levert får de tilsendt dokumentasjon frå leverandør og grossist på garantiane. Ingen bygg er like og me nyttar ingeniørar til å velja den beste løysinga og dei rette produkta. Område, skuggar, snøfall, vind og mykje meir speler inn.

Sorte solceller på taket på en bolig og på to av påbyggene. Dronefoto

ta kontakt med oss for ein hyggjeleg prat

Kontakt oss