Til hovedinnhold
Sunnfjord Elektro AS

Termografering

Termografering er ein metode som blir brukt for å oppdage varmgang i elektriske anlegg og utstyr. Metoden er berøringsfri og blir utført når anlegget er i drift. Våre NEK 406 sertifiserte termografører utfører oppdrag i heile Sunnfjord.

Termografering er ein metode som blir brukt for å oppdage varmgang i elektriske anlegg og utstyr, men også for å lokalisere varmetap i eit bygg. Ved hjelp av eit kamera som gjer om infraraud stråling (IR) til bilete som viser temperaturvariasjonar, kan ein lett sjå unormalt høge temperaturar som blir vurderte som avvik.

Metoden er berøringsfri og blir utført når anlegget er i drift. Det er ei kostnadseffektiv undersøking som gir moglegheit for målretta og meir lønnsame tiltak. Forsikringsselskap bruker *termografering for å førebyggja brann. Det blir også brukt av byggherrar for å dokumentera kvaliteten av arbeidet.

Kvifor bruke Sunnfjord Elektro til termografering?

Vi har både riktig intern kompetanse og nødvendig utstyr for å gjennomføre termografering for kundane våre. Våre NEK 405 sertifiserte termografører står klare for å utføre oppdrag i Sunnfjord. NEK 405-1 fastset krav til kompetanse, sertifisering og vidareføring av kompetanse for personell og føretak som skal utføre, avdekkja og dessutan rapportere resultatet av elektrotermografi.

Vi bruker termografering dagleg til å oppdage feil i elektriske anlegg eller finne stader med høgt varmetap. Vi kan hjelpe deg med å finne gode og lønnsame tiltak ut frå bygget ditt og behov. Dette er eit av områda Vi har spesialisert oss på og kan vise til gode referansar.

Kva kan ein bruke termografering til?

  • Varmetap på bygg

  • inspeksjon av varmekablar eller vassboren varme

  • varmegang i tavler / sikringsskap

  • Oppdage varmgang i koplinger

  • Avdekke komponentfeil

  • Registrere feilbelastninger

  • Forebygge brann i el-tavler

  • Redusert premie på forsikringa

Ta kontakt med oss for ein hyggjeleg prat

Kontakt oss