Til hovedinnhold

Om oss

Sunnfjord Elektro er ei lokal elektrobedrift i Førde som vart stifta i 2006 og vi har sidan den gong hjelpt privat- og bedriftsmarknaden med solide elektroinstallasjonar.

Vi har i dag 24 ansatte i bedriften med eit stort engasjement for faget og som kvar dag jobbar for å levere gode resultater. Hos oss får du alltid god service og rask respons.

Sunnfjord Elektro

  • Vi tar store og små oppdrag
  • Fokus på kvalitet og fornøgde kundar
  • Bidrar til lokalsamfunnet

Vi gjennomfører mindre og større oppdrag innan el-installasjon, svakstrøm, brannvarsling, tele og data, service og prosjektering. Sunnfjord Elektro AS rettar si verksemd mot det offentlige, næringslivet, bustadmarknaden og industrien.

Sunnfjord Elektro AS vart etablert som eit eige aksjeselskap i 2006.

Fokus på kvalitet og fornøgde kundar

Vårt mål er å ha fornøgde kundar og vi vektlegg høg faglig kompetanse og kvalitet, personlig kontakt, og stor grad av individuell rådgjeving og tilpassing.

Sunnfjord Elektro AS ser det som viktig å være ei ansvarlig bedrift.

Bidrar til lokalsamfunnet

Vi satser på lokal rekruttering og bidrar med arbeidsplassar i kommunen. Bedrifta er også godkjent opplæringsbedrift og har derfor satsa på utvikling av lærlingar i bedrifta.

Sunnfjord Elektro AS er medlem av Nelfo og registert hos DSB som godkjent installatør. Fra januar 2010 vart vi også medlem i den landsdekkande elektrikarkjeden EL-PROFFEN.

Bli ein del av gjengen?

Ledige stillinger